Newspublish.no

Seglskipet Seladon – Lange røtter og klart for nye tokt

To brør frå Rekefjord, Wilhelm og Godtfred Godtfredsen var på leit etter nytt fartøy i 1930-åra. Dei hadde sett eit fartøy som dei syntes vel om og oppsøkte smeden for dette, fartøybyggjar Andreas Svoldal i Kvinnherad. Han skulle væra kjend for å levera gode sjøbåtar, men dei var og lettdrivne og brukte lite drivstoff.

Farvatnet rundt Rekefjord er opent. Det er ingen skjergard og det bryt stygt i fjordmunninga i dårleg vær og tung sjø frå sør. Fisket føregjekk på bankane i Nordsjøen. Stader som Jæren og Siragrunna samt Listaområdet er prega av straumsjø, så dei hadde sine meiningar om korleis fartøyet skulle væra.

Andreas Svoldal hadde liggjande skore tømmer til eit 65 fots fartøy. Modellen var grovskoren men då Godtfredsen brødrane kom og ville ha eit litt mindre fartøy, var det motvillig han gjekk ned i storleik. Brødrane ynskte at fartøyet ikkje skulle slå på sjøen når dei gjekk imot. Det måtte heller ikkje slå på hekken når dei låg å dreiv i havet. Dette ynskje fekk dei oppfylt og let vel over fartøyet på alle vis.

Det nye fartøyet vart slept til Rubbestadneset. Der vart det sett inn ein 40 hk. Rubb. I Eigersund fekk dei sydd gaffel storsegl, gaffel mesan og fokk. Desse segla var sydde for hand i bomullsduk. Seinare undersøking viser at seglmakeriet er i dag eit museum og dei var dei siste seglmakarane som sydde for hand. 4 til 5 meter med handsaum skal ha vore ei normal fart, nokon greidde meir også.

Litt av historia til Seladon, ex Lill 2, er her fortald av John Midtbø, han var med Willhelm Godtfredsen på fiske ein del år. John gjekk om bord i 1959. Dei tråla reka og fisk til sildoljeindustrien. Det var då ein 2×60 Union i skuta. Tidlegare var det ein 40 Rubb.

Då Midtbø gjekk i land i 1966 vart det innsett ein 2 x 40 Greenå. Dei fiska ein del i lag med ei skute som heitte «Ternen» frå Fredrikstad. Dei dreiv då med partrål på Fladen Grunn.

Midtbø let svert vel over Lill 2 «den var svært god i sjøen» «drog snorbeint for trål». «Halvlasta, då kunne ho klara seg i allslags vær, men fullasta, då kunne ho skjæra litt i medsjø. Men på sida då var ho fin.» «Fullasta tok ho 450 hl.»

Me fiska på Vikingbanken (Bergen banken), Patch bank, Doggerbank, Fladen grunn og på Revet. Godfredsen var og over til England og Shetland. Dei fiska sild på Shetland og i Måløyno.

Ein gong låg dei på Vikingbanken då det bles opp til ein NV liten storm og sjøen bygde seg opp til 13 meters høgd. Men dei kunne gå tørrkodd på dekk. «Ein kunne fota seg på dekk». Dei segla så heimretter att og gjekk inn søra løpet med Eigersund. Men det var ikkje så gale.

Verst var det om dei skulle rundt Lista i Nordvesten. Der haldt ein langt ut i dårleg vær. Ein gong dei kom frå Ekkofisk fekk dei NV stiv kuling 7 til 9 meter høg sjø. Det var bygevær og dei fekk «ravkuling»på seg. Godt lasta og med kvass halvsjø på baugen var det eit brott han huska som tok ein del av skansekledninga og ein lettbåt samt noko reiskap.

Det var ikkje vanleg å sakka på med Lill II og i førstninga då Midtbø stod til rors og dei andre sov, kom han ut i stor kvass sjø, han sakka på, men då kom skipperen opp og lurte på kva ”som var gale”.

Han pla ikkje sakka på for sjødn. Han sko skjera gjøno da mesta.

Då Godtfredsen selde, vart Lill 2 kjøpt til Karmøy der ho vart liggjande i 2 år, før Terje og Einar kjøpte. Dei fekk med Magne Andersen frå Dåfjord Skipsbyggeri til å besiktiga.

Kjøp kom i stand og ”Lill 2”, seinare SELADON, la ut på førebels siste reis på 4 timar frå Karmøy til Sagvåg. Der hadde dei fått kaiplass ved sida av ein annan eldre kutter «Diamant» og vart liggjande der dei første 6 åra.

Einar måtte i militæret, men fekk vakter slik at han ofte kunne koma heim for å arbeida. Det var mykje som skulle rivast og tida gjekk med til dette, samstundes som det sakte kom jernballast om bord. Denne var støypt ned i betongklossar som var forma mellom spanta slik at dei kunne takast ut.

Heile dekket vart rive, nokre nye bjelkar og kravellar vart sette inn. Og kvart år når dei var på slipp sette dei inn nye spant og ny hud i baugen og tok dei to øvste hud-plankane heile vegen rundt. Styrehus, maskin, trål-vaiarar og vinsjar vart selde. Det kom inn over fjerdedelen av kjøpesummen.

Fotogalleri-test:

Tømmer vart leita opp kvart år i lag med skogseigarane og ein var med sagbrukarar å saga, seinare fekk dei leiga sagene og så satte dei i stand oppgongsaga på Jensanes, som hadde ste i ro over 20 år. Der vart bane laga ny, reimar skifta ut og sagblad pussa og fil. Alt vart smurd og voksa.

Mastrar vart hogge og lagt til tørk. Dei vart tørna ¼ tørning kvar veka og hogge til med øks, firkant, åttekant, sekstenkant osv. til dei kunne høvlast og pussast med bandslipepapir. Dette var kunnskap dei lærde av Lars Skarpnes. Og Ingvald Skaalnes frå Åkra i Matre, lærde dei å bruka tommestokken for lett å finn 8 kanten.

Tømmeret skulle stå på rot, ringberkte eller kruneskorne i mange år til dei var dauda ut. Helst skulle det liggja i sjø eller vatn eit par år, på ein stad det ikkje var maur og makk. Slike prosessar har dei ville ta vare på og nytta, såg det som viktig å læra og erfara kunnskapen, og bringa den vidare.

I Sagvåg vart store deler av skroget, dekk, lukekarmar og dekkshus gjort ferdige. Terje og Einar overtok Smedholmen Kyst og Naturlivskule i 1985 og fekk ein muligheit til å drive kurs med båtar, fomidla kunnskap om fartøybygging og undervisning i kystfriluftsliv og korleis ein levde på kysten i farne tider.

Gjennom ein del år hadde dei lagt opp pengar, då dei arbeidde som elektrikarar. No var det slutt på det. Ein reserve hadde dei lagt opp, som skulle dekka ferdiggjering av Seladon og no vart det å leva på det tente på kursa på Smedholmen. Det var berre «tjøra og mat» dei tok seg råd til å kjøpa dei første åra. Inntektene auka litt for kvart år og dei lyst på livet og haldt ut.

I 1987, fekk foreldra til Einar overta eit gamalt fraktefartøy med 50 hk Union. Denne var god å ha når dei skulle rigga opp og frakta tømmer og anna. Og i 1991 segla dei Seladon for første gong.

”Det var som å få hovudet over vatnet”, men etterpå vart det mange dukkertar. Litt etter litt kom innreiing og alt teknisk som skulle til for å få sertifikat for passasjerfart. Det viste seg at når fartøyet kom i fart, auka inntektene, men det gjorde utgiftene og slik at det vart ikkje utbytte til ei normal løn.

Sesongen startar i Mars og slutta i oktober. Vinteren elles går til vedlikehald, nye planar, kundekontakt og papirarbeid i forhold til skipskontroll og utstyr som skal fornyast. Det er ikkje mogleg for dei å få tid til fast lønna arbeid vinterstid. Dermed må dei framleis driva føretaket på idealisme; dårlege som dei er til å søkja om midlar, får dei ikkje støtte frå det offentlege eller private investorar slik mange andre veteranfartøy i same bransje har. Men i år 2000 vart Venelaget for Seladon og Smedholmen kyst og naturlivskule oppretta og dei har gjeve ut eit hefte som har gitt god marknadsføring.

Gjennom den tida Seladon har vore i drift for Terje og Einar, har ho segla frå Lofoten til Oslofjorden og frå dei inste fjordane på Vestlandet til Shetland, Orkenøyane og Færøyane i vest. Men i hovudsak langs Vestlandskysten og det minkar på stader der Seladon ikkje har segla.

Turane har vore med alt frå barnehagar, skuleklassar for ungdomstrinnet, vidaregåande, folkehøgskular, lærarhøgskular, organisasjonar, bedrifter og private grupper. Og så har Vennelaget stått for privatturar over Nordsjøen.

Skuta har vore med i bruk i programma om kystkulturen til Dag Lindebjerg, Norge rundt, og i år; Ingen Grenser.

Drifta av Seladon og Smedholmen har gitt prisar frå Fylke, Forbundet Kysten, Kommunen og Johannes Kleppeviks minnefond. Og fleire bedrifter og enkeltpersonar, har give sin gåver gjennom åra, samt at mange har stødd opp som medlemmer og styre i eit vennelag som vart danna for Seladon og Smedholmen kyst og naturlivskule.

I 2010 kom det første uhellet ombord. Elektriske «padder» som vart nytta av elevane til lading for mobilar tok fyr. Eltilsynet meinte at slikt kunne skje om ein fase var ute på hovudnettet og dermed kunne kjøleskapet som var på same «padder» stå og trekka mykje straum. Ved dårleg kontakt kunne det ta fyr. Det vart eit hardt slag, skuta var ikkje forsikra nok og det gjekk ut over økonomien, då skuta måtte vaskast ned, noko treverk måtte skiftast og alt elektrisk og elektronisk måtte skiftast, ein jobb som tok nestan knekken på idealismen

Men Seladon seglar vidare, og det ser ut for at interessa er aukande. Filmserien «Ingen grenser» brukte Seladon i starten av sin filmserie i 2013 og ein har knytt fleire kontaktar dei siste åra som vil bruka ein meir.

Newspublish.no

Your Header Sidebar area is currently empty. Hurry up and add some widgets.